- Samhandling med føresette, sjå nivå 0 i BTI rettleiaren.
- Samhandling med føresette og andre involverte tenester, sjå nivå 2 og nivå 3 i BTI rettleiaren.
Her finn du lenke til samtykkeskjema for deling av informasjon. Me har også ein rettleiar for samtykke om ein treng meir informasjon kring lovar og reglar for samtykke og signering av samtykke. Her må ein vere bevisste kven som er foreldre med foreldreansvar når ein får eit samtykke frå føresette.
Odda kommune skal om kort tid ta i bruk Stafettloggen som sitt digitale loggsystem for oppfølging og evaluering av tiltak kring barn og unge i kommunen. Foreldre/føresette skal alltid få god informasjon om kva ein Stafettlogg er og må gje samtykke til oppretting av logg.
Nettverksmøte
Når ein skal samhandla med andre tenester skal ein kalla inn til eit nettverksmøte, og ein har ein mal for kva for informasjon som skal følgje ei slik innkalling. Du finn også nyttige tips til gjennomføring av eit nettverksmøte her. Skulane har faste nettverksmøter for å samhandla om utfordringar i elevsakar.
Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett gruppe med representantar frå helsestasjon, fysio-/ergo, rus/psykisk helse, bustad for utviklingshemma/avlastning, tildelingskontor og PPT.
Vi skal ha oversyn over det tilbodet kommunene har ift habilitering- og rehabiliteringstilbod og skal kunna hjelpa deg med informasjon, eller å setja igang og samordne hjelpetiltak.
Forebyggjande samhandlingsarenaer i Odda Kommune
Ein skjematisk oppstilling av ulike tverrfaglege møteareaner i Odda Kommune