Odda kommune skal vera ein lêrande organisasjon. I dette ligg det at ein stadig er i utvikling og stadig søkjer ny kompetanse og kunnskap.
Skal kommunen vera ein lêrande organisasjon må ein:
- Dokumentera den praksisen ein ynskjer
- Registrera og evaluera praksisen etter kvart både ved avvikmelding og «suksessmelding»
- Med jamne mellomrom gå gjennom og sjå på praksis og dokumentasjon
- Søkje og nytta ny praksis og kunnskap
Tilsette som arbeider med og føresette til barn og unge får kompetanse på ulike arena i kommunen.
Føresette
Ulike tenester i kommunen når foreldre og føresette på ulike viser. Dette kan vera via svangerskapskurs, barselgrupper, foreldrerettleiing, foreldremøte og samtalar i regi av barnehage eller skule. Målet her er å støtta foreldre og føresette ved å tilby rettleiing og/eller informasjon for best mogeleg ivaretaking av barn og unge.
Kommunen har ulike tiltak som hjelp og støtte til barn, ungdom eller føresette. Informasjon om desse finn du på nettstaden odda.betreinnsats.no
Tilsette
Tilsette får kompetansehevinga si gjennom arbeidsgjevar, i form av kurs, nettverksarbeid, santsingar og vidareutdanningar. Kva kompetanseheving som vert tilbode skal ha samanheng med kva behov arbeidsgjevar Odda kommune har. Dette behovet skal samsvara med det behovet som brukarane i kommunen har.
Kompetanseheving vert td gjort på planleggingsdagar, i personalmøter, i einingsleiarmøter og i bruk av blir felt planleggingstid i skular og barnehagar.