Internkontroll

Internkontrollen skal sørga for at vedtatte prosedyrar blir følgt og at dei pålagde og planlagde oppgåvene blir gjennomført.

KF Kvalitetsstyring

I Odda kommune nyttar me Kommuneforlaget sitt verktøy for kvalitetstyring. KF Kvalitetsstyring er ei heilskapleg løysing for kvalitetsstyring og internkontroll. Alle relevante lovar og forskrifter er tilgjengelege – i tillegg til malar for blant anna prosedyrar, tilsynsberedskap og vurdering av risiko.

  • KF Kvalitetshåndbok
    Dette er eit verktøy for dokumenthandtering inkludert oppdaterte lovar, forskrifter og rettleiarar i tillegg til ei rekke kvalitetsindikatorar, prosedyremalar og prosessrettleiarar.
  • KF Avviksbehandling
    I denne løysinga kan ein behandla avvik, ta ut rapport og statistikk. Ein app for innmelding av avvik er og tilgjengeleg.
  • KF Risikostyring
    Dette er eit verktøy for risikovurdering av alle kommunale område. Denne modulen inneheld malar for risikovurdering.
  • KF HMS-handbok
    Elektronisk handbok for HMS arbeidet. Ein app kan og nyttast for gjennomføring av vernerunde.

 

Tilsyn og forvaltningsrevisjon

Sikring av rett praksis skjer gjennom tilsyn og forvaltningsrevisjon.

Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Odda kommune er det ofte Fylkesmannen i Hordaland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.

Kontrollutvalet i Odda Kommune fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Gjennom forvaltningsrevisjon utføres ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke.  Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver, utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.