Kommunale føringar – barn og unge

Odda har ulike planverktøy, som byggjer på statlege føringar/nasjonale forventningar, og på kvarandre, for å sikre samhandling og utvikling av gode tenester for barn og unge i vår kommune. Her finn du kommunen sine planar.

I tillegg finn du ein del andre styringsdokument som er viktige for vårt arbeid. Ulike rapportar som er brukt i utgreiingsarbeid vil du òg finne her.

Odda kommune har følgjande kommunale føringar for arbeidet dei ulike tenestene skal gjere i sitt arbeid med barn og unge.

For å sikre samhandlinga på tvers av tenestene i kommunen vil Odda kommune innføre BTI modellen (Betre Tverrfagleg Innsats). BTI er ein rettleiar som skal bidra til tidleg innsats og samordna tenester for barn og unge, og føresette – utan oppfølgingsbrot.