Brukarmedverknad

Innbyggjarinitiativ i politiske sakar

Som innbyggjar i Odda kommune har du rett til å krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret. Du må ha støtte frå andre innbyggjarar for forslaget ditt. Du har òg denne retten sjølv om du er under 18 år.

Evalueringar, rapportar og brukarundersøkingar

Det utarbeides nasjonale statestikkar og rapportar frå undersøkingar som kan nyttast av Odda kommune i sitt arbeid.

Kommunen gjennomfører kvart tredje år Ungdata undersøking. Dette er ei lokal ungdomsundersøking som vert tilbydd gratis til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har  439 200 ungdommar frå 405 kommunar og frå Svalbard delteke i denne undersøkelsen. Ungdata gjer dermed eit godt innblikk i kordan det er å vera ung i Norge i dag.

KoRus bistår kommunane i sin region med planlegging av undersøkinga, utforming av spørjeskjema og rettleiing om gjennomføringa. KoRus kan også, etter avtale, delta i den lokale drøftinga av resultata frå undersøkinga.

Sjå resultata frå siste Ungdataundersøking i Odda kommune.