Rutinar og verktøy

Risikoutsette barn og unge skal identifiserast så tidleg som mogleg. Tidleg innsats betyr at ein skal setje i gong tiltak for barn og ungdom med ein gong det er behov for det, når som helst, både i barnehagen og i skuleløpet. Og ein skal sørgje for ei systematisk og langsiktig oppfølging så lenge behovet er tilstades.

Formålet med tidleg innsats er å førebyggje utvikling av samspels- og åtferdsproblemer, fysisk og psykisk helseproblematikk, skuledrop-out, unge uføre, rusmiddelmisbruk og andre formar for utanforskap.

 

Handlingsrettleiar

Odda kommune har ein digital handlingsrettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette i vår kommune skal nytte når ein jobbar med barn og unge. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets røyst alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.

Handlingsrettleiaren finn du her.

Dette er også med på å sikre ein felles praksis kring arbeidet med risikoutsette barn og unge i Odda kommune.

 

Barn og unges helseteneste

Med samhandlingsforløpa til Helse Fonna skal barn og unge med psykiske helseplager få bedre og meir samanhengande helsetenester på tvers av kommuner og tenester. Samhandlingsforløpa beskriv korleis ulike tenester i både kommune og spesialithelseteneste arbeidar med tilstandsbilete. Dei inneheld konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid med andre tenester.

 

Meldeplikt

Offentlege myndigheter, samt ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for omsorgssvikt eller om eit barn har vist vedvarande åtferdsvanskar. Opplysningsplikta føl av lov om Barnevernstenester § 6-4 og av tilsvarande bestemmelsar i andre lover.Les meir om når du bør ta kontakt på Barnevernvakten.

Bekymringsmelding til Hardanger Barnevern.

Opplysningsplikta inneber ei plikt til å melde frå til den kommuale barnevernstenesta av eige tiltak ved alvorleg bekymring og er eit sjølvstendig og personleg ansvar!Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.

 

Konsultasjonsteamet for vald og seksuelle overgrep Kvinnherad og Hardanger

Nokre gonger kjenner ein seg usikker på om ein skal gjere noko med den uroen ein kjenner på i forhold til barn og unge. Ein kan då ta kontakt med konsultasjonsteamet. Her kan ein få råd og rettleiing til kva ein kan gjere, kva ein kan sjå etter/observera for å verta meir sikker på at magekjensla er riktig. Les meir om konsultasjonsteamet.

Nyttig samtalerettleiing i arbeidet med barn og unge

Snakketøyet for å trygge voksne og barn når foreldre er syke og samtalehjelp til deg som er bekymret for eit barn: