Brukermedverknad

Barn og unge er ein viktig ressurs for framtida og ekspertar på sine liv. Brukermedverknad innebær at brukaren sjåast på som ein likeverdig part i samtaler og beslutningar som angår hans eller hennes utfordringar. Det viktigaste i møtet med den unge er god kommunikajon kor alle partar er opne og lydhøre for kvarandre.

Brukermedverknad på individ nivå handlar om at det er lagt til rette i dei kommunale tenestene for at gravide, barn, unge og foreldrene deira involverast i i samarbeidet så tidleg som mogleg. Odda kommune skal leggja til rett for at brukerane kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro eller bekymring for egen eller andre barn. Brukerane skal og oppleve at kommunen sine tenester er oversiktlege og forutsigbare.

Odda kommune har brukermedverknad på individnivå på følgjande måter:

  • Elevråd og Ungdomsråd
  • Elevsamtalar/utviklingssamtalar i skulen
  • Foreldresamtalar i barnehagen
  • Handlingsretteleiaren i Betre Tverrfagleg Innsats
    • Skal bidra til brukarmedverknad, helhet og kontinuitet
  • Ansvarsgruppemøter
  • Skulehelsetenesta
    • samtalar og drop-in i skule tida
  • Circle of Security Parenting
    • Gruppeundervisning på helsestasjon
  • Helsestasjon for ungdom
    • Eit gratistilbod for ungdom i alderen 13-25 år. Eit Drop-in tilbod der dei kan møte lege eller helsesøster.